Epsomsalt er også kjent som bittersalt, engelsk salt og magnesiumsulfat. Magnesium og sulfat vert tatt opp gjennom huda. Dette er den mest effektive måten å få tilført minerala på.Magnesium lindrar betennelser og muskelsmerter. Sulfat avgiftar kroppen. Epsomsalt løyser seg opp i varmt vatn.KarbadBruk 200 g Epsomsalt til eit bad. Begynn gjerne med ei mindre mengd, for så gradvis å auka dosen. Ved riktig mengd vil ein kjenna seg avslappa og avstressa. Av den grunn vert det tilrådd som kveldsbad. Sit i badekaret i maks 20 min. Ein skal ikkje bruka såpe eller tilsetja noko anna til badevatnet. Ein treng ikkje dusja av saltet til slutt.FotbadBland 50 g Epsomsalt til eit vanleg fotbad. Sit med føtene i vatnet i 20 min.SvampvaskingBland 2 ss Epsomsalt til 1 dl varmt vatn. Fukt ein liten vaskeklut (eller svamp) i vatnet og vri den lett opp. Stryk kluten/svampen over armen frå handleddet til albuen nokre gongar. Dette kan også gjerast rundt ankel og på baksida av føtene.Sulfat er nødvendig i biokjemiske prosesser, som å avgifta kroppen for skadelege stoff. Dette kan vera kjemikalier (f.eks. fargestoff og konserveringsmiddel) og tungmetall (f.eks. kvikksølv). Sulfat er også ein viktig faktor i mage/tarm-systemet, i tillegg til at det regulerer mesteparten av hormona i kroppen.Magnesium er nødvendig for alle organa i kroppen. Det er viktig for signaloverføring i nervesystemet og for regulering av muskelaktivitet. Det bidrar til energiproduksjonen, og er viktig for cellevekst og reproduksjon. Ved magnesiummangel kan ein m.a.sjå muskelkrampar, engstelse, irritabilitet og søvnvanskar.