Snow Cloud Først kjem dei mjuke sjatteringane av rosa - diskrete, nesten som rouge på eit kinn. Eit svakt gyllent pust ved kronblada si base. Så skjer forvandlinga. Lag på lag lysnar, glir over i elfenbeinkvit - rein, raffinert, nesten porselensaktig. Ho avslører ikkje alt med ein gong. Ho utviklar seg. Uanstrengt eleganse. Ein kultfavoritt for dei som veit kva dei ser etter, og eit syn når ho står i full skyformasjon. Skal du plante di første peon, er Snow Cloud eit svært godt alternativ. Ho opnar seg i ei mjuk sky av elfenbein, med duse rosatonar og gylne penselstrøk som gjer henne heilt uvanleg vakker. Mørkegrønt bladverk og sterke stilkar løftar blomen, og den milde dufta gjer resten. Eit lite luksus-kindergg i hagen. NB! Peonen (barrot størrelse 3/5) blir levert i september Fakta Botanisk namn: Paeonia lactiflora 'Snow Cloud' Type: Lactiflora (hagepeon) Høgde: ca. 90 cm Blomstringstid: Tidleg–midtsesong Blomfarge: Opnar kremrosa med lette blush-tonar og svak gyllen glans ved kronbladbasen. Falmar til elfenbeinkvit ved full modenheit. Duft: Mild og rein Bladverk: Djup, rik grøn farge Vekstform: Sterk og stabil med sterke stilkar; store, tett fulle blomar med skyaktig tekstur Opphav: Hoogendoorn, 1949